Helga Flatland om skrivesperre, relasjonen til mora og kritikk

Helga Flatland hadde eit produktivt 2020 som resulterte i utgivelsen av romanen, Et liv forbi. Til ELLE fortel ho om kor ho hentar inspirasjon, og om boka er inspirert av relasjonen til hennar eiga mor.

Publisert Sist oppdatert
Forfattar Helga Flatland ga ut romanen Et liv forbi, hausten 2020 til strålande omtalar. Sjølv meiner ho at ei god omtale ikkje treng å vere den med flest lovord. Kvifor ville du bli forfattar? – Eg har skrive så lenge eg kan huske, og litteratur har vore ein viktig del av livet mitt heilt sidan barndommen. Ønsket om å bli forfattar kom som ein naturlig del av gleda over å skrive, og det er framleis det mest givande og befriande eg kan gjere. Helga Flatland: – Eg blir nesten usunt nysgjerrig på folk Kvar finn du inspirasjon til dine litterære kvinner og jenter? – Overalt. Både i meg sjølv, i nære relasjonar, i fjerne relasjonar, kort sagt i alle eg ser og møter. Eg blir nesten usunt nysgjerrig på folk, kan bli heilt opphengt i små detaljar hos ein person framfor meg i køen på butikken, på ein bevegelse eller eit blikk, og eg bruker fantasien om desse menneska for å skape litterære karakterar. Er det nokon av desse som har betydd ekstra mykje for deg? – I trilogien Bli hvis du kan, har eg skrive om Julie – ei ung jente som er klar for å ta på seg eit stort forvaltningsansvar, men som møter motstand både i form av gamle strukturer og i fastlåste relasjonar. Det var interessant å forsøke å skrive truverdig om ei målretta ung kvinne, og samtidig måtte «passe» meg så ho ikkje blei karikert og opplevd som kald og omsynslaus. Likevel har eg fått kommentarar frå leserar som oppfattar Julie som altfor kompromisslaus i forholdet til dei rundt seg. For meg er Julie både sterk og sårbar på same tid, ho er interessant nettopp i kraft av denne balansen, og ved samtidig å halde fast ved eigne ambisjonar. Du har oppnådd stor suksess, korleis påverkar det deg? – Det er eit fantastisk privilegium å bli lest av mange, og eg blir aldri vant til tanken på at det eg har dikta fram røyrer ved eit vilt framand menneske ein anna stad i verda. Det å ha ein relativt stor lesarskare har også ført til at eg har reist mykje dei siste åra, både i Noreg og utlandet, for å snakke om bøkene mine. Og så er det sjølvsagt ein stor bonus å nå kunne leve av å være forfattar. Foto: Agnete Brun Kva er det største du har oppnådd? – Det er vanskeleg å svare på, eller det er eit spørsmål med fleire svar. Men når det gjeld karrieren, så er nok det første det største: å få antatt debutboka mi. Og så er det like stort kvar gong eg snakkar med lesarar som møter meg og bøkene mine med sine historier, sine liv. Skrivesperra Får du prestasjonsangst av suksessen? – Ja. Ikkje slik at det påverkar sjølve skrivinga, men eg er heilt klart meir nervøs for mottakinga både frå lesarar og kritikarar etter at eg fekk eit større publikum. Det er ganske uuthaldelege veker frå boka går i trykk til den blir lansert, men eg prøver å tenke at det er noko litt fint i det også, at det vitnar om at det betyr mykje for meg. Har du opplevd den mykje omtalte «skrivesperra»? – Absolutt, men skrivesperre er jo ikkje ein bestemt tilstand, det er alltid eit sammensurium av motstand, for eksempel at eg blir påverka av andre hendingar og menneske i livet mitt, konfliktar som manifesterer seg som destruktiv sjølvsabotasje. Eller at badet må vaskas eller klesskapet sorterast ... Men så hender det jo sjølvsagt også at ein roman rett og slett er for dårlig til å skrive vidare på. Korleis opplever du å få anmeldelser av bøkene dine? – Eg meiner prinsipielt at god litteraturkritikk er viktig, og eg er bekymra for tendensen vi nå ser, at stadig fleire aviser nedprioriterer kulturkritikk. Det er alltid fint å bli lest grundig, å føle at kritikaren har sett og forstått det eg har forsøkt å skrive fram, men ein god anmeldelse er ikkje nødvendigvis den mest rosande. Når det er sagt, den forfengelige delen av meg drøymer sjølvsagt alltid om offentlig panegyrisk dyrking i forkant av ei utgjeving ... Mor og dotter I din nyaste roman Et liv forbi skriv du om ei mor og dotter, er noko i historia henta frå ditt eige liv? – Et liv forbi handlar om eit komplisert mor-dotter-forhold, om det å leve med sjukdom både som sjuk og pårørande – og om behovet for oppgjer og forsoning som melder seg idet livet nærmar seg slutten. Historia i Et liv forbi er fiksjon, men som i alle bøkene mine, er det sjølvsagt fleire kryssingspunkt med mitt eige liv. Eg har ei mor, eg er ei dotter, eg har opplevd sjukdom i nær familie, men konfliktane og samanhengane ser annleis ut i mit eige liv. Kvifor valde du akkurat denne tematikken nå? – Fordi eg er ein del av ein generasjon som nå må begynne å forholde seg til at vår foreldregenerasjon begynner å bli eldre, og eg har forsøkt å utforske kva for utfordringar eller konfliktar som melder seg for begge partar idet omsorgsrollene skiftar. Dessutan er eg opptatt av kva som formar oss i vår tid, kva som skil oss frå generasjonane før oss og etter oss, og i Et liv forbi skildrar eg tre generasjonar kvinner. Kva slags forhold har du til din mor? – Eg har eit nært og godt forhold til mamma, sjølv om det på ingen måte er utan konfliktar. Men i motsetning til mor og dotter i romanen min, har vi alltid hatt ein mykje friare og meir direkte dialog. Vi snakkar mykje saman, om det meste – og den dialogen, språket vårt, både munnleg og skriftleg, har vore viktig for skrivinga mi. Ho skriv dessutan sjølv, er fast spaltist i Klassekampen, og vi diskuterer ofte tekstane våre med kvarandre. Har korona påverka ditt jobbår? – Definitivt! Ettersom dei fleste kulturarrangement er blitt avlyst, har eg nesten ikkje reist rundt på boksamtaler- eller foredrag sidan mars. Det er ei stor endring, sidan det var ein stor del av jobbkvardagen før korona. Samtidig brukte eg nedstenginga i vår på å skrive ferdig Et liv forbi, og med såpass lite FOMO i omløp, blei det ein ganske produktiv skriveperiode. Det kan verke som resten av Forfattar- Noreg har gjort det same, ettersom det er den mest innhaldsrike bokhausten på lenge Fikk du med deg denne utgaven av ELLE?
Powered by Labrador CMS