Kjøp nå!

ELLE-Mentor: Forlagsredaktøren

Kjersti orker ikkje tanken på eit liv utan litteratur.

Vi ELLEsker inspirerende damer! Og her får du møte Kjersti Instefjord (41). Hun er redaktør for norsk skjønnlitteratur i Forlaget Oktober. 

CV

Kjersti har ein cand.philol-grad med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Ho har også ein cand.mag-grad med mellomfag i allmenn litteraturvitskap, grunnfag i kunsthistorie, feministiske litteraturstudier og filosofi. Ho byrja i Oktober i fjor, etter tolv år i forlaget Samlaget.

Lønsj

Veldig gjerne rista brød med avocado og reker til lønsj.

Musikk på jobb?

Eg klarer ikkje å høyre musikk mens eg arbeider, eg er for lett å distrahere.

I veska

I jobbveska har eg manus, notatbok, sminke, penner, briller. Ei svart skinnveske frå Tiger, med veldig fint blått for. Sikkert herremodellen. Den er altfor liten, fullstappa, ofte umuleg å lukke.

På pulten

Har eg ein mac, fleire manus som eg skal lese, nokre bøker, eit par kontraktar som treng underskrift, eit glass med pennar, hugselista mi, to kaffikoppar, glass, manusstrikkar, gule lappar, blyantspissar, og endå meir, faktisk. Dette er pulten til ei som ikkje ser rot.

Ein forlagsredaktør les og gir tilbakemelding på manus forfattaren arbeider med. Når eit manus er «ferdig» har eg ansvar for prosessen frå word-manus til ferdig trykt bok, med kvalitetssikring av språk, baksidetekst og omslag. Ein redaktør gir ut mellom 8 til 18 titlar i året.

Kvar morgon blir eg vekt av sonen min i 06-tida. Eg lagar frukost til han og kattane før eg går i gang med mitt. Det er lenge sidan eg bestemte meg for ikkje å sløse bort tida mi på unødvendige val, så eg har ein garderobe som er enkel, og som i hovudsak består av svarte skjørt, skjorter og blusar. Yoghurt og granola til frukost, og viss eg har tid, kaffi.

Arbeidsdagen begynner på Nesodd-båten. Eg har alltid eit manus i veska, og på båten er det 20 minutt konsentrert lesetid. Det første eg gjer på kontoret, er å sjekke planen min. Eg er heilt avhengig av lister, eg har eit ark på skrivebordet som gir meg oversikt over kva manus eg må lese, oppgåver knytta til årets utgivingar og oversikt over kva som hastar å få gjort. Etter at eg har sjekka planen, går eg for å hente kaffi og vatn. Ein vanleg dag består av ein blanding av administrativt arbeid (svare på e-postar, planlegge produksjonen av bøkene som skal ut, bestille omslag, etc), av manuslesing, samtalar med forfattarar og diskusjonar med kollegaer. Ein kan seie mykje om livet til ein forlagsredaktør, som at ho støver ned på eit kontor og lever livet gjennom andres historier, men det finst i alle fall ikkje kjedelege dagar i denne jobben.

Det beste med jobben er å få lov til å lese og diskutere manus som er under arbeid, saman med forfatteren. Det er eit privilegium, rett og slett.

Det å lese har alltid vore ein nødvendig del av livet mitt. Eg orker ikkje tanken på eit liv utan litteratur. Som barn og ungdom kjente eg berre til ein person som arbeidde med bøker, ein venn av far min. Ein gong kom han på døra med ein heil kasse bøker til oss. Det gjorde inntrykk. Men det var ikkje før eg tok grunnfag i litteraturvitskap eg forsto at eg kunne, og dermed at eg måtte, arbeide med litteratur.

Mykje er spesielt ved å jobbe i forlag. Vi kjem tett på forfattarens skriveprosess, forfattaren utvikler eit litterært verk, eit åndsverk, som forlaget skal gi ut. Og dermed blir åndsverket også ei vare, som skal inn i varehandelen. Heldigvis blir boka også tilgjengeleg i bibliotek og eitt eksemplar blir sent til sikringsmagasinet i Nasjonalbiblioteket, nasjonens minnebank, og for evig og alltid oppbevart der, som del av den norske bokheimen. Det er litt fint å tenke på, synest eg, spesielt i ei tid der ein lett kan forveksle bokas verdi med kor mange eksemplar boka sel. Verdien ligg i boka sjølv, og vi er for tett innpå til å seie kva den er eit uttrykk for og kor denne boka fører forfattaren vidare.

Kleskoden på jobben? Sjølv om det ikkje kjennest som om det er kleskode, er det openbart at vi er del av det same sjiktet og at vi har relativt lik smak. Klassisk, enkelt, men ikkje bourgois.

I ein stressa situasjon skriv eg lister. Prioriterer. Krysser ut. Å skrive lister er min veg til frelse. Men dersom eg er så stressa at eg ikkje klarer å gjennomføre noko av det som står på lista, viss eg går rundt meg sjølv, så er regelen min at eg skal ta ein halv dag fri. Det har alltid funka, faktisk.

Mitt beste karrieretips er å ta hovudfag i litteraturvitskap, lage eit tidsskrift, skape noko sjølv, få erfaring med å redigere og skrive om litteratur.

Det mest utfordrende med å jobbe i forlag er å få nok tid til å lese.

Ei god leiar legger til rette for at andre skal forløyse sitt potensial.

Eg synst det er så fint når ho som lager lønsj roper: Nå er det lønsj! Og så går vi alle saman ut frå kontora våre og til lønsjbordet.  Det er dagens høydepunkt.

Suksess er for meg at ein forfattar fullfører boka si. Det er ikkje mindre enn ei bragd, det ligg eit enormt arbeid bak. Det er ein fantastisk augneblink når vi forstår at boka er «ferdig», klar til utgiving. Det er så mange ufullførte bøker der ute … Og så er det heile det nervepirrande opplegget med å lansere ei bok.Vi har forventningar, basert på erfaring, men vi veit jo aldri på forhånd korleis boka vil bli motteken. Det er ikkje utan grunn at Geir Berdahl, Oktobers førre sjef, kalla erindringane sine for 40 års nervøsitet.  Å få eit veldig stort gjennomslag, både hos lesarar og i media, mange utanlandssal osv,, er veldig få forunt. Men ingenting er betre enn når gode bøker får lesarar.

Eg har alltid sagt at dersom eg blir ein umotivert redaktør, som tar lett på arbeidet med manus, så er det på tide å slutte. Det hadde vore eit stort nederlag for meg, å ende der. Då ville forfattarane forlatt meg til slutt, det er eg sikker på, og det hadde eg hatt godt av.

Flere ELLE-mentorer: 

Mote-grunderen