De profesjonelle: Guro Havro Bjørnstad

Vi har snakket med Guro Havro Bjørnstad om hvordan hennes vei har ledet hun dit hun er i dag, som programredaktør og tidligere forlagsdirektør og journalist.

Publisert Sist oppdatert

I De profesjonelle møter vi kule damer med kule karrierer.

Denne gangen snakker vi med den 31-år gamle redaktøren Guro Havre Bjørnstad. Hun er programredaktør i The Oslo Company, og har tidligere jobbet som forlagsdirektør og journalist.

– Eg har variert bakgrunn. Før eg starta i jobben eg har no, var eg redaktør for sakprosabøker i forlaget Vigmostad & Bjørke. Eg har også vore innom PR-­byrået Trigger, men eg har likevel lengst erfaring frå å vera journalist i VG og i Dagbladet.

I sistnevnte avis var hun også reportasjeleder.
– Eg har akkurat fått ny jobb som TV-­redaktør. Foreløpig har eg fått sett masse på TV og eg jobbar med Anne Rimmen, så bedre kan det ikkje bli.

Karrieretips

Hva er dine beste karrieretips?
– Det er mange måtar å gjera ting på, så eg syns det er vanskelig å komma med konkrete karrieretips. Men i dei bransjane eg har vore innom, så er det å vera nysgjerrig, open og lærevillig viktige eigenskapar å ha. Ein må også ha litt hard hud, og heller læra av kritikk og motgang enn å la seg knekka av det.
Hun forteller at det var tilfeldigheter som gjorde at hun endte opp der hun er i dag.
– Karrieren min er prega av tilfeldigheit­er, sjølv om dei rundt meg seier at eg alltid har sagt at eg ville bli journalist. Eg hadde aldri ein klar plan, men tok dei sjansane eg fekk.

Sommerjobb i VG

Etter videregående startet hun på Blindern. Hun har også bodd i Paris.
– Då eg kom tilbake frå Paris, byrja eg å jobba i studentavisa Universitas, noko som truleg har hatt mykje å seia for den vidare karrierevegen min. Der lærte eg journalisthand­verket, og det gjorde at eg ganske kjapt fekk sommarjobb i VG.
En av utfordringene hennes er at det er lite skille mellom jobb og fritid.
– Det som kan vera mest utfordrande med å jobba som journalist og redaktør, er at ein eigentleg alltid er på jobb. Ein kan alltid tenka på nye idéar, og ting kan alltid bli betre. Då eg starta å jobba som jour­nalist, var eg ikkje så flink til å ta ordentlig fri. Det var noko eg måtte læra meg.

Stressmestring

Hvordan takler du stress?
– Eg blir ikkje så lett stressa, men eg trur likevel det er veldig viktig å vera bevisst på at ein faktisk ikkje kan, eller bør, job­ba heile tida. Det endar fort med at ein gjer ein dårlegare jobb. Eg las nyleg boka Stress – og kor­ leis leve med det av Anne Gunn Halvorsen, den anbefaler eg alle å lesa. Her lærer ein mykje om kva stress eigentleg er, og ein får også mange gode tips og triks til korleis ein skal handtera det, eller aller helst unngå det. – Til dømes kan det vera lurt å ta på seg jogge­ bukse når ein kjem heim frå jobb, slik at kroppen og hjernen forstår at du no skal inn i ein annan modus. Smart. Som så mange andre har eg ofte kjent på det som blir kalla «impos­tor syndrome», eller bedragarsyndromet, som vil seia at ein er redd for å bli avslørt som inkompetent, at det eigentleg er ein stor glipp at ein har fått ein jobb, til dømes. Sjølv om det framleis er noko som av og til kan snika seg inn, blei det enklare å takla då eg skjønte at det er mange andre som også kjenner på det same, og ikkje minst at det faktisk har eit navn.

Få en fot innafor

Har du tips til hvordan man kan komme seg inn i bransjen?
– Om ein er så heldig at ein veit kva slags bransje ein har lyst å jobba i, så trur eg det er lurt å oppsøka miljøet rundt den bransjen. Dra på arrangement, send e­postar til folk du syns har ein spennande jobb, og spør også gjerne alle du kjenner om dei har råd og tips. Norge er eit lite land, veldig mange stillingar blir aldri utlyst, og du veit aldri kven som har ei tante eller ei søster som kan hjelpa deg med å få ein fot innanfor.
Powered by Labrador CMS