Annonse
Morskjærleik: Cecilie (41) fekk tvillingar aleine
Vi feirer Valentines Day med noen kjærlighetshistorier fra arkivet. Dette er Cecilie, William og Jakob sin.
Annonse
I ELLEs Love Issue i 2019 delte vi 5 ulike historier om kjærleik.
Dette er Cecilie, William og Jakob si.
Tvillingar med donor
Eg har alltid visst at eg ville ha familie og barn, samhaldet og det å vere ein «gjeng» tiltalar meg veldig. Det å ha nokon å seie «eg er glad i deg» til, eller berre henge heime ilag med. Nokon å skape ei historie med. Men etter fleire år aleine, innsåg eg at eg kanskje ikkje kom til å få det til på naturleg vis. Eg hadde rett og slett ikkje tid til å vente på Han lenger.
Eg måtte ta grep.
Heldigvis lev vi i ei tid der det går an å få hjelp. Ikkje i Norge, dessverre, så moderne er vi enno ikkje her til lands. Men våre gode naboar på andre sida av Kattegat er meir progressive, så hjelpa var berre ei kort reise unna.
Eg var 35 år då eg for første gong klatra opp trappene til klinikken i København, men det skulle heile 11 forsøk til – sju inseminasjonar, fire gongar med IVF, ein spontanabort – før det endeleg satt.
Då eg feira 38-årsdagen min, visste eg at der var to små hjerter som banka hardt og sterkt der inne, og eg kjente kjærleiken vekse i takt med dei.