Ingebjørg Bratland: Eg trur kanskje at fordi eg hadde to så viktige kvinnefigurer i barndommen så ser eg på meg sjølv som sterk.

Ingebjørg er aktuell med nytt kritikerrost album. Denne sterke teksten skrev hun til Girl Power-utgaven vår.

Publisert Sist oppdatert

Ingebjørg Bratland (29) er artist, låtskriver og folkemusiker. Hun er nordisk mester i folkemusikk, har vunnet en Spellemannspris og ble i 2018 tildelt Wenche Foss`ærespris.

Nå er hun superaktuell med det kritikerroste albumet Papirfly, som også vi anbefaler på det sterkeste.

«Eg er 10 år, aleine på eit hotellrom. På turné, og det var ikkje min første. Men denne gongen skulle eg vera lenge heimafrå.

På naborommet budde Ellen, ho eg turnerte med. Ho eg såg på som min aller beste venn.

Ho var 62 år. Om kveldane hjalp ho meg med skuleleksene. På dagtid spelte me konsertar på barneskular. Eg var kledd ut som søstera til Myllarguten, song og spela fløyte, eg var Ole Bull og snakka bergensk.

Ellen, (fun fact; mor til Odd Nordstoga) var i barnehagen min og sang for og med oss då eg var 5 år gamal. Det var starten. Ho blei sanglæreren min dei neste åra. Det beste og finaste eg lærte av Ellen var sanggleden, spør du meg: det viktigaste for ein sanger.

Eg var 6 år da eg gjorde min første betalte spelejobb. Og sidan har det gått slag i slag gitt. Då eg var yngre var livsmottoet mitt «menneske, hjelp deg selv». Det sa nemleg Beethoven til seg sjølv før han gikk ut på scenen. For der ute på scena, der er du aleine. Der må du stå i det, aleine.

Då eg var rundt ca 15 år år begynte eg og slite med prestasjonsangst. Eg gråt kvar gong eg skulle på scena. Eg gråt før og eg gråt etter. Visste i forkant at det ikkje kom til å gå bra, psyka meg ned. Og etter endt jobb; enormt misfornøgd med egen innsats! Mor mi sa eg ikkje kunne halde på slik lenger. Så «menneske hjelp deg selv» måtte vike ei stund. Eg fekk hjelp av ein psykolog. Og det hjalp meg masse!

Min jobb er veldig mannsdominert, men eg har aldri hatt nokon store problem med det. Eg trur kanskje at fordi eg hadde to så viktige kvinnefigurer i barndommen så ser eg på meg sjølv som sterk. Det var spesielt Ellen og det var mor.

Eg lesba litt då eg var yngre. Då eg var 12 år sa eg til mor at no ville eg ikkje ha den der dumme s-en lenger. Så då kom det ein logoped heim til oss, 1,5 times kjøring heimafrå. Eg fekk ein stor spegel så eg kunne sjå kvar eg plasserte tunga mi. Eg hadde ein sommerjobb på ein campingplass den sommaren. Eg sykla dit kvar dag (fem mil om dagen), vasket toalett, hytter og serverte rømmegrøt. I pausene satt eg med spegelen og prøvde å plassere s-en korrekt.

Eg trengte berre den ene timen hos logopeden. Når eg bestemmer meg, så bestemmer eg meg. Det var det samme med tennene mine. Då eg var 6 år gamal og skulle starta på skulen så reiv eg ut begge fortennene. Eg hadde ei oppfatning om at det ikkje gjekk an å starte i 1. klase med mjølketenner som fortenner. Eg var tannlaus i eitt år, ønska meg tenner til jul til og med.

Eg likar ikkje sjå meg sjølv på tv. Men eg gjorde det ein gong

Det var den tv-sendte 22. juli-konserten i Oslo domkirke. Alt eg såg var berre kor mykje eg hadde lagt på meg. Eg flytta heimafrå som 15-åring, spelte i eit titalls band og skulle ha gode karakterar på skulen. I tre år levde eg på smågodt og sjokoladebollar fra Narvesen. Så såg eg altså meg sjølv på tv og åt ikkje på to veker.

Kanskje ikkje det smarteste eg har gjort. Og etter det skal eg ærleg innrømme at eg blei ganske opptatt av eget kroppsbilde. Det er vel ikkje akkurat heilt uvanleg for kvinner i min bransje. Eller generelt «ung kvinne» i dagens samfunn, dessverre… Uansett, eg hadde ikkje vært opptatt av dette tidligare. Men så sneik det seg på. Som om ikkje yrket mitt er selvsentrert nok frå før av. I dette tilfellet blei denne målbevisstheten/sjølvdisiplinen kanskje ikkje min beste venn. Men heldigvis, det gav seg det også. Eg har aldri følt meg sterkare enn eg gjer i dag. Og ein ting eg har erfart, både som artist og kvinne, er at det viktigaste av alt er å ha ein tydeleg identitet og stemme. Vera stolt over den ein er og kva ein har å by på. «Mot i brystet, vett i pannen, stål i ben og armer, ryggen rak og blikket fritt , se det er bra slike jenter det vil gamle Norge ha».

Då eg var 20 år hadde eg spelt inn debutalbumet mitt tre gonger. Ingen av de gav eg ut. For det tredje eg kasta betalte eg ein drøss med pengar, som eg ikkje hadde: Berre for for å sleppe å gi det ut. Så satte eg meg i min kvite Mercedes frå 1982 og kjørte heim til mor og far. Bura meg inne på pikerommet og skreiv nye songar. Dei songane kom ut til slutt. Men det blei etter to andre plater, ein eg gav ut med Odd Nordstoga og eit soloalbum der eg song andre sine songar. Uansett, fem år seinare, då eg hadde blitt overbevist av fine folk om at det eg skreiv sjølv verkeleg var bra nok, turte eg gje ut mine eigne songar på, det blei på plata mi «Månesinn».

Eg er heldig som kan leve godt av musikken min. Eg har kjøpt min tredje leilighet og speler dei jobbane eg vil. For ein luksus! Men det har kosta meg også nokon tårer på vegen. Det er eit tøft yrke. Der prestasjon er alt. Men det er enormt inspirerande om dagen, det å å sjå alle dei fantastisk tøffe, dyktige, sjølvstendige og imponerande kvinneleg norske artistane vi har. Det gjer meg stolt. Bransjen vår er i ferd med å jevne seg ut både på og bak scena.

Og det er fantastisk!»

Powered by Labrador CMS