"Denne unntakstilstanden lagar nok ein del sår, som det vil ta tid å hele"

Vi tok en prat med Ingebjørg Bratland om hvordan det er å være artist i disse dager...

Publisert Sist oppdatert

Hvordan har du det egentlig for tiden?

– Det går greit. Det er veldig rare tider for oss alle!!! Eg sitt i karantene om dagen, gjer ikkje dagane mindre rare akkurat. Egentlig så er eg ganske dårleg på dette med å svare på telefon, mail og meldingar. Korona har gjort at eg er blitt kjempegod på det feltet no. He he. Jobbmessig: fått ein del jobbar avlyst, men eg var heldig med at eg ikkje var midt oppi ein turné om dagen. Så eg kan ikkje klage. Synst det er tøffare psykisk. Det å ikkje ha noko på agendaen er absurd. Har aldri hatt to veker i strekk utan eit einaste møte eller ein spillejobb.

Hvordan har Korona-viruset påvirket din jobbhverdag?

– Massivt. Alle spillejobbar i nær framtid er kansellert. Hobby, liv og yrke er sant på pause liksom. MEN dette er ein dugnad. Eg er med resten av oss i dette med å stanse virusutviklinga og smittefaren. Me gjer dette sammen for å ta vare på dei der ute som eit ikkje tåler korona-viruset. Det er denne ventetida verdt.

Hva gjør du for å sysselsette deg selv nå?

– I dag fekk ei ei lydfil frå Odd Nordstoga, trur han også kjenner på denne rastlausheten… ha ha. Så da var det berre å sette opp heimestudio mitt (det hadde ligget alt for lenge i boden, så bra eg fekk eit spark der), og så la eg på stemma mi på opptaket han sendte. Musisering funker bra over nett. Utenom slik musisering så lagar eg mykje mat, testar nye retter av dei matvarene eg har i hus akkurat no. Artige greier, fann elgkjøtt i fryseren i går. Så det blei ei interessant gryte på elg til middag. Går også ein del i seriar. Runda «Countrymusikkens historie» på NRK her om dagen og er no i gang med «The Morning Show». Driv også å lærer meg fransk via appen DuoLingo. Veldig artig app, anbefalast. Om eg blir ok i fransk no så er det takka vera korona altså… Så er det jo veldig fint vær om dagen så balkongen er flittig i bruk.

Hvordan ser du på fremtiden?

https://www.instagram.com/p/B99AFxTHW2W/

– Den har eg trua på. Dette går over, det skal gå over og sakte men SIKKERT så er me tilbake til normalt. Men det er klart at denne unntakstilstanden lagar nok ein del sår, som det vil ta tid å hele. Og det blir nok nokon arr av dette, men det som er bra det er at klima vårt likar at vi er satt på pause i alle fall. He he. Og så er eg veldig glad for at eg bur i Norge, eit velfungerende velferdsstat.

Hva gjør du for å holde motet oppe?

– Mykje skjermtid, men prøver ikkje lese nettavisene heile tida. Pushvarsel er skrudd av. Blir ein del telefonering med folk eg er glad i. Og så lenge det er fint vær så slepper eg sola inn på sjel og kropp. Ser bra seriar, lagar mat og musiserer på heimekontoret…

Noen gode råd i disse tider?

– Trur det er viktig å halde på kvardagsrutinene. Alt frå ete dei faste måltida, stå opp til vanleg tid, dusje, re opp senga, stelle seg, ta på seg klær osv. Viktig å ikkje bli likegyldig, ikkje la alt og seg sjølv forfalle, i denne merkelige tida. Bruk telefonen og internett (kanskje skru av pushvarsel frå nyhetskildene), kommuniser med venner, familie og kollegaer i den grad du kan. Og så trur eg det er viktig å SNAKKE OM NOKO ANNA ENN KRISA. Så kan du jo prøve å finne deg ein hobby eller eit prosjekt. Det kan vera lære seg sjakk, eit språk, strikking, baking, spele ukulele. Du kan starte å sortere eller rydde i skuffer og skap, så kjedeleg, men det får jammen tida til å gå. Ellers så likar eg å be vennene mine som har småbarn sende meg artige videoer av barna sine. Får meg alltid til og smile.

Powered by Labrador CMS